Det var ikkje mange som let seg lokke med på tur i dag.

Ved start frå Dalshaugane snøa det tett og to av dei frammøtte ombestemte seg og køyrde heim att. Dugnadsleiar denne gongen, Magne Sakseid og alltid trufaste turmann Toralv Røen, fortalde om opplegget med stirydding og merking av løype til Klovskardfjedlet. (På eit kart utgjeve av Stord kulturstyre 1984 er mange namn skrivne som dialekt). Varding let seg ikkje gjennomføre når det er snø. Stien vert merka som ei rundløype til Klovskardfjedlet (555 m.o.h.), Kongsskogen, Melen og nedatt til utgangspunktet. Heile turen tek kanskje 6 timar medrekna klypping av brake og merking, seier Røen, men er litt i tvil om heile turen kan gåast i dag. Journalisten tenkjer at snøkaven ikkje varer så lenge.

STORD – FITJAR TURLAG har kjøpt nye skilt til turmerking. Desse er interasjonale og vert brukte over heile landet. Ei rute med fargekode fortel om kvar tur sin vanskegrad. Dagens sti har fått raud farge som betyr ei litt tung løype. Klovskardfjedlet er med i årets Topp-turar.

Turkameratane fortel at mange løyper skal merkast framover og dei legg til at det vanlegvis er godt frammøte. I dag hadde dei von om å få hjelp av ein gjeng som har overnatta på hytte i Kongsskogen. Turlaget får stønad til gjerdeklyvarar, klopper, merke og anna frå fylket og Gjensidigestiftelsen.