– Laget er eit viktig felles talerør for Fitjarøyane, seier formann Bernt-Chr. Pettersen framfor årsmøtet i Interesselaget for Næringsutvikling i Fitjarøyane og Brandasund, førstkomande onsdag.

– På møtet vil mellom anna Åse Nøttveit frå Landbrukskontoret informera om Sitkagranprosjektet, og ei anna sak som kjem opp er deling av laget, slik at Brandasund vert skilt ut som eige lag, legg Pettersen til.

Møtet finn stad i kommunestyresalen i Fitjar Rådhus, onsdag 23. februar kl. 18.00.