Ved hjelp av dataprogram og ein spesiell maskin kan han lage ein fysisk tredimensjonal modell av det meste.

Me snakkar om Ronny Reigstad og firmaet hans 3D Vision. Tidlegare jobba han i Fix 3D, men for tre år sidan starta han eige firma. Han kalla firmaet 3D Visjon, og visjonen førte til at han starta vidareutvikling av konseptet han hadde jobba med før. Det heile retta mot oljeindustrien.

I tett samarbeid med kundane satsar han på å utvikla nye produkt på dataskjermen for så å køyre datamateriellet til ein spesialmaskin som der og då produserer ein prototyp på produktet. Ein modell kundane kan ta med seg og syne fram når dei skal fremje produkta sine for sal.

– På denne måten vil dei spare mykje tid i denne delen av prosessen, smiler Reigstad som allereie har hatt møte med store aktørar innan oljeindustrien, og fleire av dei har synt positiv interesse. 7. november skal han ha klar ein forretningsplan for desse. Målet er å få i stand gode rammeavtalar med ein eller fleire av dei.

Det er over 1000 bedrifter som jobbar innan oljeindustrien i Noreg. 800 av dei er på Vestlandet. Slik sett bur Ronny Reigstad midt i smørauget.

Per i dag lagar han prototypane i gips, men har ambisjonar om å kunne levere dei i stål innan 2016.

På vårparten ønskjer han å tilsetje fleire folk. Dei må ha bakgrunn frå oljeindustrien og gjerne frå design og produksjon i tillegg.

– Men det er fleire på Fitjar som har kompetansen eg er ute etter, meiner Reigstad.

Går opplegget etter planen med forretningsplanen vil det føre til at ein del kundar frå til dømes Bergen og Stavanger vil bli buande i Fitjar i periodar.

– Det kan føre til positive ringverknader for lokale firma, seier Ronny Reigstad til slutt.

Nedanfor ser du fleire 3D-produkt.