Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Debatt: Unge familiar som bur her, eller vil flytta til Fitjar, må vera trygge på at dei får ein barnehageplass.

Av: Harald Rydland, ordførarkandidat Fitjar KrF, og Karen Marie Sætre, 3.kandidat i Fitjar KrF

Skal Fitjar kommune ha ei god framtid, må bygda vår vera så attraktiv for unge familiar at dei vel å busetja seg her. Me har flotte bustadtomtar, gode offentlege tenester med m.a. god kapasitet i skulen, og eit rikt tilbod av kultur- og fritidsaktivitetar.

Når det kjem til barnehagar er me heldige som har gode tilbod i fleire deler av kommunen. For tida er det likevel litt knapt med barnehageplassar i sentrumsområdet. Det har me ikkje råd til i Fitjar. Unge familiar som bur her, eller vil flytta til Fitjar, må vera trygge på at dei får ein barnehageplass dei er tent med så snart dei har behov for det.

Når det nye kommunestyret i Fitjar er kommen i sving, vil me i KrF omgåande ta initiativ for å få ei rask utgreiing om kva som vil vera den beste løysinga for å auka kapasiteten på barnehageplassar i Fitjar. Her må det m.a. takast med forhold som gjeld økonomi, plassering, storleik, og at me kan ha eit mangfald av barnehagar i Fitjar.

Me går saman for den gode bygda!