Kjære Fitjarposten-lesar!

Som ansvarleg redaktør for Fitjarposten så er det svært kjekt å sjå den store oppslutnaden det er for Fitjarposten for tida, halvtanna år sidan Håkon C. Hartvedt pensjonerterte seg og overlet roret vidare.

Eg er svært stolt over jobben dei to journalistane våre, Kjetil Rydland og Ingrid Hovstad, gjer dagleg for å ta pulsen på det mangslungne samfunnslivet i Fitjar.

Lesartala våre viser at det er noko fitjarbuen gjer òg. Me når dagleg ut til ein svært stor del av dei om lag 3200 innbyggjarane i kommunen, og sjølvsagt også alle utflytta fitjarbuar som ønskjer å følgje med på kva som skjer på heimstaden.

Me har gjort store grep for å gjere Fitjarposten om til ei moderne digital lokalavis, rigga for framtida. I løpet av fjoråret brukte me mykje ressursar på å oppdatere sjølve nettsida. Me er stolte av resultatet: ei dynamisk og brukarvenleg side – ikkje mint på mobil – der det visuelle står i høgsetet.

Men me er ikkje i mål i å rigge Fitjarposten for framtida. For det er ikkje berre teknologien som utviklar seg. Det gjer også forretningsmodellane og annonsemarknaden for lokalavisene.

Fitjarposten har i mange år, heilt sidan starten då avisa kom ut på papir, klart å skaffe nok annonseinntekter frå næringslivet og organisasjonslivet i Fitjar for å halde drifta i gang.

- Annonse -

Men det ikkje til å stikke inn under ein stol at desse tidene no er forbi. Det vil vere vanskeleg for Fitjarposten å overleve som ei gratis annonsefinansiert nettavis.

Årsaka til dette er todelt: Då me la om Fitjarposten har lesaropplevinga blitt markant betre – noko som har på bekostning av annonseflatene. På den gamle Fitjarposten var det plass til fleire titals annonser på ei og same sidevisning. Bra for inntektene til avisa, men håplaust for leseopplevinga i ein kvardag der stadig fleire les nyhende på mobilen.

Den andre årsaka er rett og slett at det ikkje berre er dei store avisene som tapar terreng mot teknologikjempane Google og Facebook. Det gjer også Fitjarposten. Stadig fleire bedrifter – også lokalt på Fitjar, vel å marknadsføre seg på Facebook og liknande kanalar i staden for å bruke lokalvisa. Det er ei utvikling me kan gjere lite med.

Dette er bakgrunnen for at me frå og med i dag innfører brukarbetaling på Fitjarposten. For 120 kroner månaden gjer du det mogleg å sikre at Fitjar får ei eiga aktiv og slagkraftig lokalavis. Dette er midlar som er gull verdt for at me skal kunne halde fram med å gi deg nyttig og viktig journalistikk frå nærmiljøet.

Dette vil også gi oss musklar til å satse meir. Me har mellom anna eit ønskje om å etablere eit fysisk kontor sentralt i Fitjar sentrum, med faste kontortider. Her skal fitjarbuen få høve til å møte journalistane våre, om det er for å kome med tips eller berre å slå av ein prat over ein kopp kaffe.

Me vonar du vil vere med å støtte opp om lokalavisa i Fitjar. Me gler oss til å halde fram med jobben me gjer for Fitjar-samfunnet!

Beste helsing
Jonas Sætre
redaktør i Fitarposten