Kommunedirektør Gjermund Hagesæter sitt framlegg til tilråding fall mot fem røyster. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Kjære alle saman! Gratulerer med dagen.

Årets 17. mai-tale. Av: Gjermund Hagesæter, kommunedirektør i Fitjar kommune.

Det har no gått 208 år sidan Eidsvollsmennene var samla for å setje saman den norske Grunnloven og for å leggje grunnlaget for eit fritt og demokratisk Noreg.

I 1814 hadde det vore krig i Europa i over 20 år.

Noreg – i likskap med mange andre land – var både fattig og utarma.

Kongeriket Danmark – Norge hadde stått på den tapande sida i krigen.

Etter at Napoleon sine styrkar hadde brote saman så skulle England, Preussen og Sverige diktere fredsbetingelsane for dei som hadde tapt.

Og sigerherrane bestemte at Noreg skulle bli gitt som krigsbytte, med folk og fe, ifrå Danmark til Sverige.

Det var i denne situasjonen Eidsvollsmennene skulle skape ei Grunnlov som skulle vere eit fundament for den seinare etablering av den nye, moderne, norske staten.

Det arbeidet som blei utført på Eidsvoll i dei seks vårvekene i 1814 var prega av den svært vanskelege situasjonen som Noreg var i, samtidig som Eidsvollsmennene skulle sjå framover og leggje eit best mogleg grunnlag for framtidige generasjonar.

Det var utan tvil eit makelaust arbeid som blei gjort.

Og så er spørsmålet kven var disse 112 Eidsvollsmennene og i kva grad hadde Sunhordland og Fitjar innflytelse på det som skjedde på Eidsvoll i 1814?

I hovudsak så var nok Eidsvollsmennene det som vi kan kalla eliten i Noreg. Dei fleste kom frå rike familiar og få hadde kjennskap til den kvardagen som fattige bønder og fiskarar frå Fitjar opplevde.

Ingen frå Fitjar var representert på Eidsvoll. Frå Hordaland var det fire frå Bergen, to frå Voss og ein frå Ullensvang. I tillegg til det var det i alle fall ein av Eidsvollsmennene som hadde sine røter ifrå ei fattig bondeslekt i Vestland fylke der ein truleg hadde liknande utfordringar som ein hadde i vårt område. Og då skal eg fortelja historia om Nils Lassesen.

No er det sikkert mange som ikkje har høyrt om Nils Lassesen. Og det hadde heller ikkje eg for nokre få år sidan.

Men Nils Lassesen er ein av dei som har betydd mest i forhold til den norske grunnloven og i forhold til feiringa av denne dagen.

Utan Nils Lassesen så ville nemleg den Grunnloven som vi i dag feirar sett heilt annleis ut.

Historia starta i 1780 då blei det ein gut fødd som blei døypt Niels Lassesen.

Denne guten høyrde til ei fattig bondeslekt som opphaveleg kom frå garden Verkland i Gulen kommune. I dag Vestland fylke.

Få år etter at Nils Lassesen blei fødd omkom diverre faren på fiske. Dårlege båtar og behov for mat og inntekter gjorde at ein måtte ta risiko som i dette tilfellet enda katastrofalt. På den tida så var det ikkje nokon Statlege velferdsordningar eller tryggleiksnett slik me har i dag og mora sat igjen med 3 små barn som ho ikkje greidde å forsørge.

Redninga var at denne guten hadde ein barnlaus grandonkel i Bergen som var forretningsmann og svært godt bemidla. Denne grandonkelen heite opphaveleg Verkland til etternamn. Han hadde tilbrakt mange år i København og danskane hadde store problem med å uttale Verkland og han hadde derfor av reint praktiske årsaker valt å skifte til eit etternamn som danskane greidde å uttale og det blei WERGELAND.

Onkelen tok til seg denne farlause guten og endra namnet hans frå Nils Lassesen til Nicolai Wergeland. 

Nicolai Wergeland fekk den beste utdanninga ein kunne få på Latinerskulen i Bergen. Ein skule berre dei aller rikaste hadde råd til. Han viste seg å vere både ambisiøs og evnerik. Så til tross for at onkelen døde då han var 12 år gamal så fortsette Nicolai sine studiar i København og tok teologisk embetseksamen. Etter  studiane slo han seg ned i Kristiansand og blei residerende kapelan der.

Og i 1814 blei Nicolai Wergeland (opphaveleg Nils Lassesen frå det som i dag er Vestland Fylke) valt som ein av dei 112 Eidsvollsmennene som skulle setje saman Grunnloven og leggje grunnlaget for eit fritt og demokratisk Noreg.

Og Nicolai Wergeland tok ikkje lett på den oppgåva. Han møtte godt forberedt og hadde med seg sitt eige grunnlovsutkast på 100 paragrafer, og han var også opphavsmann til uttrykka Odelsting, Lagting og Storting.

I Wergeland sitt Grunnlovsutkast første grunnsetning stod det følgjande:

”Formålet for en Stat, et borgerlig selskap, er ved foreningen av individenes vilje og krefter til en felles vilje og kraft å sikre alles og enhvers naturlige rettigheter, og å fremme alles og enhvers velstand.”

Wergeland var med andre ord opptatt av at det var det norske folk sin vilje og velferd som skulle vere retningsgivande for korleis Noreg skulle styrast.

Og på bakgrunn av m.a. Wergeland si påverknad så fekk Noreg ei av dei mest liberale og mest demokratiske konstitusjonar verda hadde sett. Basert på den amerikanske konstitusjonen og den franske republikanske forfatninga fekk Noreg ei Grunnlov som er blitt ståande som eit hovudpilar i det norske demokratiet i over to hundre år.

Så sterkt var dette lovverket at då svenske-kongen same år skulle erverve sitt krigsbytte, og gjera Norge eit svensk lydrike, så gjekk det heldigvis ikkje slik.

Norges grunnlov blei ikkje oppheva. Norge behaldt si nasjonalforsamling, Stortinget, og kunne årleg vedta eigne statsbudsjett, ein sjølvstendig skatte- og avgiftspolitikk, eigne lover, eige politivesen, forsvar og eigen valuta med norske speciedalere, seinare norske kroner.

Unionen mellom Norge og Sverige mellom 1814 og 1905 blei derfor langt mindre omfattande enn det sigerherrane i utgangspunktet ville.

Også på ein annan måte har Nicolai Wergeland betydd mykje i forhold til feiringa av denne dagen.

Wergeland blei nemleg gift i Kristiansand og fekk fleire barn. Han fylgde Jean Rousseaus sine prinsipp for barneoppdraging som gjekk ut på at barna skulle få utfolde seg slik dei ønskte. Barna skulle oppmuntrast og ikkje kritiserast.

Og barna blei ganske viltre av seg. Om sommaren så pleidde eldstesonen å klatre opp i trea, ved landstaden dei hadde, og så hoppe ned og skremme fine bydamer når dei var ute og gjekk tur.

Og etter de prinsippa for barneoppdraging som faren fylgde så skulle ikkje barna kritiserast for det, men oppmuntrast.

Og denne viltre eldstesonen heitte Henrik til fornamn og som sin far så utdanna han seg også til teolog, men fekk aldri noko presteembete. Det at han aldri blei prest skyldtest visstnok hans ”irregulære livsstil”. Kva som låg i det? Uredd og han kom ofte i klammeri med myndigheitene.

Men det skal vi kanskje være glad for, fordi Henrik Wergeland blei i staden forfattar og han var også ein viktig drivkraft for at vi fekk i stand feiringa av 17. mai slik vi kjenner den i dag.

Allereie som 12 åring så tok Henrik Wergeland saman med systera si Camilla Wergeland initiativ til å få i stand folketog på 17 mai. Camilla blei seinare gift Collett og blei forfattar og kvinneforkjemper.

Så utan Nils Lassesen så hadde altså Grunnlova sett annleis ut og feiringa av denne dagen hadde truleg også vore annleis.

I dag, år 2022, 208 år seinare, har vi eit heilt anna samfunn enn det Eidsvollsmennene kunne forutsjå.

Då vi fekk vår fridom i 1814 var Norge eit av dei fattigaste landa i Europa. I dag er vi eit av verdens rikaste.

I 1814 var den norske Statskassen botnskrapt, mens vi i dag har eit oljefond med over 2 millionar kroner pr innbyggar.

I dag har vi også mange gode velferdsordningar som var fullstendig utenkjelege i 1814.

I dag er mykje av det som Nicolai Wergeland kjempa for, som ytringsrett og demokratiske val blitt noko me alle tar for gitt.

Men ytringsrett og demokratiske val har ikkje alltid vore ein sjølvfølge.

I år er det 77 år sidan Noreg og Fitjar fekk sin fridom tilbake etter at Nazi-Tyskland hadde kapitulert og fem års okkupasjon var over.

Det gode hadde sigra over det onde.

Inntil nyleg var ein ny storkrig i Europa utenkjeleg for dei fleste av oss.

Det at ei stor krigsmakt utan saklege grunnar skulle angripa ein sjølvstendig nasjon i Europa, var noko som få eller ingen av oss trudde skulle skje i vår tid.

Me veit ikkje kva som skjer vidare og kor lenge denne unødvendige og forferdelege krigen i Ukraina varer. Men me veit at ein dag vil krigen og lidingane ta slutt.

Det er heller ingen grunn til å tru noko anna enn at også denne gangen vil: Det gode sigra over det onde.

Inntil det skjer så har Fitjar kommune sagt ja til å ta imot 35 flyktningar frå Ukraina. Viljen til å ta imot dei på ein god måte er bredt forankra i Fitjar kommune.

Banda mellom Ukraina og Norge er sterke og strekker seg heilt tilbake til vikingtida. Ein av teoriane er at grunnleggjaren av Kiev-riket, prins Rurik, var skandinavisk.

Meir sikkert er det at Olav Tryggvason, som styrte Noreg frå år 995 til år 1000, tilbrakte store delar av oppveksten ved hoffet i Kiev.  Han og mora kom dit som flyktning etter at Dronning Gunnhild, enka etter Eirik Blodøks hadde jaga dei ut av landet. Dronning Gunnhild er også den same som ifølge sagaen egga opp sønene sine til å kjempe imot Håkon den Gode, noko som resulterte i slaget ved Fitjar i år 961 der Håkon den Gode som kjent fekk sitt banesår.   

Nokre år seinare, vinteren år 1043/1044 så gifta Harald Hardråde seg med prinsesse Ellisiv av Kiev. Då han blei konge i Noreg to år seinare så blei ho dronning. Ho var også stemora til Olav Kyrre som er den som er rekna som grunnleggjaren av Bergen by.

Det er derfor ingen tvil om at banda mellom Ukraina og Noreg er sterke og at det også er band mellom Fitjar og Ukraina tilbake meir enn tusen år i tid. Mange av vikingane blei også verande igjen i Ukraina og nokon av dei som no flyktar frå Ukraina kan vere etterkommarane etter desse.

Det er derfor ikkje rart at viljen til å ta imot Ukrainske flyktningar i Fitjar kommune er sterk.

Med situasjonen i Europa som bakteppe så meiner eg at det er ekstra viktig å nyta dagen i dag og glede oss over at me bur i eit fritt og demokratisk land, eit land som er blant dei aller beste i verden. La oss også gleda oss over at me bur i ein fantastisk kommune, som er ein av dei beste kommunane i dette flotte landet.

Feiringa i dag er litt annleis enn feiringa dei siste to åra. Igjen kan me feira utan å ta omsyn til eit usynleg virus. Det er fantastisk!

Kanskje har rammene for vår avgrensa feiring dei siste to åra minna oss om kor viktig fridom er og at me no kanskje i endå større grad verdset den jobben som Eidsvollsmennene gjorde for å legge grunnlaget for vår fridom, og også for heltane som under andre verdskrig kjempa for å få vår fridom tilbake.

Me har mykje å vere takksame for!

Igjen: Gratulerer med dagen.