I fleire dagar har me gått og venta på det velkjende ko-ko.

Så stod det ein liten notis i bladet Sunnhordland i går: Sauebonden på Hanøy hadde høyrt gauken 8. mai. I går ettermiddag var det vår tur. Klart og tydeleg høyrde me ko-ko, ko-ko, ko-ko på Helland. Det var eit kort, men triveleg vårteikn. Det er hann-gauken som gjel og ho-fuglen gir frå seg ein liten trille. Gauken er ein sky fugl som gøymer seg i trea. Han legg mange egg som vert plasserte i reira til andre småfuglar, men berre eitt i kvar. Gaukungen vert klekt først og skubbar dei andre egga ut. Gauken har eigentleg kort opphald hos oss, for alt i juli startar dei vaksne på turen attende til Afrika, der han overvintrar sør for Sahara.

Det knyter seg små soger til gauken. I følgje gammal folketru kunne den som rakk å kome seg under gauketre få tre ønskje oppfylte. Dessutan var det viktig spådom knytt til kva retning ein høyrde gauken i. Dersom lyden kom frå aust eller vest, gav det gode utsikter til å lykkast. Den som var liten for femti år sidan minnest herma om at ein kunne bade når gauken hadde gale. Men då protesterte bestemor: Det gjekk ikkje førenn ein viss snøflekk i fjellet var borte. Ein annan sa det slik at bading først var aktuelt når ein hadde høyrt gauken for tredje gong. Atter andre hadde lært at ein kunne gå berrføtt når gauken var komen. Kanskje ikkje noko å tilrå med det veret me har denne helga.