Det er rektor Siv Grethe Stamnes som seier dette i høve at arbeidet med nye Rimbareid skule starta opp i dag.

Ordførar Wenche Tislevoll markerte oppstart av anleggsarbeidet på nyeskulen med å ta det første spadestikket torsdag ettermiddag. Dette blei ikkje gjort med ein gammaldags spade, men på «tidsriktig» vis med gravemaskin. På dagens opningsseremoni var entreprenøren Engevik & Tislevoll representert ved blant andre dagleg leiar Harald Engevik. Frå Fitjar kommune møtte blant andre Tore Nesbø og avgåande skulesjef, Edvin Aase, som har vore sentral i planlegginga av skulen. 

Arbeidet med nye Rimbareid skule er venta å ta to år; til skulestart 2014 skal heile den nye skulen stå klar til bruk. Men ein ivrig rektor klarer nesten ikkje å venta. Ho nemner i fleng gode grunnar til å gle seg over ein ny og framtidsretta skule. – Me får nytt musikkrom, nytt naturfagrom, elevkantine, felles samlingsom, eit nytt og moderne læringssenter, som er mykje meir enn eit bibliotek, seier rektor Siv Grethe Stamnes. Ho legg vekt på at dette blir ein inkluderande skule for 1. til 10. klasse. Alt blir samla i eitt bygg, slik at ein slepp å kle seg for regn og rusk for å komma frå eine avdelinga til den andre. Her blir det òg skikkeleg plass til kulturskulen og skulehelsetenesta, blant mykje anna. 

Rektor seier det er eit privilegium å få vera med på bygginga av ein ny skule. Sjølv har ho vore med i prosjektet sidan byggeprogramperioden starta 4. november i fjor. Framdrifta til prosjektet har gått relativt fort, sidan plangruppa starta arbeidet sitt i 2009. At noko måtte gjerast, har vore klart lenge; den gamle barneskulen frå 1955 har for lengst gått ut på dato. Ordførar Wenche Tislevoll er glad for at dei har funne pengar til å gjennomføra prosjektet så raskt. Og ho legg ikkje skju på at det er pengane som kommunen får inn frå Midtfjellet Vindpark som gjer dette mogeleg.