Sidan REMA 1000 Fitjar stengde for ombygging laurdag ettermiddag har det vore jobba intenst med å få butikken klar til gjenopninga førstkomande torsdag. – Me ligg godt an, smiler kjøpmann Jan Stian Taule.

– Laurdagen tømde me forretninga for varer. Så vart hyllene flytta på og sett opp slik dei no skal stå. Sidan har me fylt på varer, seier Taule og peikar på plastdørene som er komne framom kjølevarene. – På denne måten sparar me straum, og det er både økonomisk og miljømessig bra. Me skal òg ha elektronisk prismerking, noko som gjer at me lettare kan vera oppdatert både på pris og siste forbruksdag for dei einskilde produkta, legg han til.

Måndag var 70 personar i arbeid i butikken. I morgon blir det endå fleire. – Då blir me mellom 70 og 100 som jobbar samstundes for å få alt klart til torsdag kl. 12.00, får me vite.

På grunn av at REMA 1000 lanserer nye produkt over heile landet 1. februar, vil me likevel la nokre av hyllene stå opne på torsdag. Men det vil nok ikkje vare lenge før dei er fylte opp dei òg, seier Jan Stian Taule til slutt.