På grunn av straumbrot valde ein å stengje Rimbareid skule i dag.

Då rektor Siv Grete Stamnes, før skulen starta i dag, fekk melding om at det ville ta fleire timar å få reparert skaden, såg ho ikkje anna råd enn å stengje skulen. Ho fekk òg støtte på det frå kommuneleiinga.

Bussjåførane fekk gjeve beskjed til elevane dei skulle hente, og lærarane sat i dag tidleg med levande lys på personalrommet og ringde rundt til elevar/foreldre.


- Årsaka til at straumen forsvann, er eit brot i ein kabel ved Fitjar bedehus, opplyser driftsingeniør Hans Christian Helland ved Fitjar Kraftlag til fitjarposten.no.

Han fortel vidare at dei no jobbar på to plan:
– For det første vil me få hjelp frå Haugaland Kraft  til å finne ut eksakt kor brotet i kabelen er. For det andre prøver me å få knytt ein annan kabel frå Rimbareid-området  til skulen sitt elektriske opplegg. Om me ikkje veit akkurat når, er det all grunn til å tru at skulen får straumen tilbake før dagen er omme, seier Helland til fitjarposten.no.

Siste:

Klokka 15.30 hadde alle abonnentane som har vore utan straum i dag, fått han tilbake.