– Dette måtte eg berre seia ja til, seier Hanne Krogh, som er stolt av å få vera Fitjar Kraftlag si jubileumsgåve til kundane sine.

– Eg er ikkje så mykje ute med Team Hanne no. Det blir berre til at me seier ja til heilt spesielle arrangement, og dette er eit slikt, smiler den svært populære artisten i samtale med fitjarposten.no.

Torsdag har ho konsert i Oslo, laurdag i Trondheim, og snart startar ho på den store julekonsertturneen sin. Fitjar Kraftlag har såleis all grunn til å vera stornøgd med at Hanne Krogh har prioritert tid til å koma til Fitjar.

– Eg lovar at det skal bli ein kjempemorsom konsert. Me vil sjølvsagt syngja ein del av låtane me song i TV-programma, det trur eg er eit folkekrav. I tillegg vil fleire av solistane våre stå fram. Av dei 20 medlemmene i Team Hanne er heile 17 solistar, seier Hanne Krogh engasjert, oppteken som ho alltid er av å trekkja fram andre enn seg sjølv.

Men ho skal òg syngja eigne ting, kanskje òg noko heilt nytt. Akkurat kva har ho ikkje bestemt seg for enno.

Men det synest ikkje å vera tvil om at ho gler seg til å koma til Fitjar.

– Dette er noko av det mest morosame eg gjer, seier ho til slutt.

Me kan òg nemna at Hanne Krogh vil ha konsert i Bremnes kyrkje 20. desember i samband med julekonsertturneen sin.