Produserer du mat av noko slag? Då kan du få selt produktet ditt på ein storstilt lokal matmarknad midt i Fitjar sentrum i november.

Prosjektet har fått namnet «Mat frå Fitjar», og gruppa bak arrangementet er svært interessert i å få flest mogleg til å delta.

– Her snakkar me ikkje berre om profesjonelle kokkar, men om alle som lager matprodukt frå grunnen av. Til dømes produkt av kjøt og fisk, baking, sylting … you name it, seier Martin Nysæther og Jostein Prestbø til fitjarposten.no.

Laurdag 3. november vert revyteltet sett opp midt på parkeringsplassen framfor Rådhuset for å gi plass til alle som har matprodukt å selje.

– Kanskje kan dette vere eit lite spark til å kome i gang om nokon går med ein matgründer i magen, smiler Jostein Prestbø, som sjølv har kasta seg ut på denne marknaden dei siste åra.

Er du interessert i å vere med, kan du få nærare opplysningar og info hos Jostein Prestbø (jostein@fitjarbaer.no) eller Martin Nysæther (martin.nysaether.sodexo.com).