Det kan me trygt slå fast etter å ha sett hundrevis av fornøgde matelskarar meska seg i teltet på Rådhusplassen i dag.

– Me kan vel sei at det blei ein suksess, seier initiativtakar Jostein Prestbø når teltet er i ferd med å tømmast etter den store mattmarknaden i dag. Martin Nysæther er heilt einig, han seier at det sikkert må ha vore mellom 700 og 800 innom teltet i løpet av dei fem timane det var ope. Desse to står bak ideen til denne store matmarknaden, og seier dei er meir enn fornøgde. Besøk og omsetnad blei over all forventning. No vonar dei at dette kan bli ei årleg hending, kanskje litt tidlegare på hausten.

Dei to eldsjelene var naturlegvis ikkje åleine om å få til dette kjempearrangementet. Dei hadde god hjelp av lokale sponsorar, og ordførar Wenche Tislevoll presenterte prosjektet. Ho kom med mange lovord om matproduksjonen i Fitjar, både til det tradisjonelle jordbruket med poteter og husdyrhald, og til den nye, storstila bærproduksjonen på Prestbø. Blant dei andre som hausta lovord var Engesund Fiskeoppdrett og Fitjar vidaregåande skule, tidlegare Fitjar husmorskule.

Det er vanskeleg å yta rettferd til alle deltakarane etter å ha sett på og smakt på så mykje god mat. Me lyt likevel få framheva nokre av dei. Mest sjarmerande var nok gjengen gutar på 10-14 år som klarte å selja 400 krabbar i løpet av dagen! Rundt i teltet fann me elles faste gjengangarar når noko skal arrangerast i Fitjar. Bygdekvinnelaget møtte kvinnesterkt opp og steikte lappar, potetkaker og anna godt i store mengder. Lappar var òg å få hos Lillian Hovstad, som var der med Hogste-egga sine. Basisen for lappane var vinnaroppskrifta til Anne Aarskog i Fjord1. Solveig Thomassen var på plass med potetsalat og rognebærgeleen sin. Fitjar Fjordhotell serverte fårikål av villsau, blåskjel og kaker i alla fasongar. Café Annemor serverte middag. Elevar ved Fitjar vidaregåande selde fiskesuppe og den nye fiskepølsa. Slow Food Sunnhordland serverte suppe av fitjarpotet med røye frå Storavatnet. Rå poteter var naturlegvis og å kjøpt av lokale produsentar frå Rimbareid og Vik. Bak i hjørnet av teltet fann me ein av dei flottaste kjøtdiskane me har sett. Der stod Terje Aleksandersen og Ronny Korneliussen med to flotte hjorteskrottar, hjortepølser og salta kjøt av villsau frå Fodno. Det såg ut til at dei besøkande frå Fitjar og nabobygdene våre nytta høvet til å sikra seg førstklasses kortreist kjøt.

Dei som ikkje klarte å sløkkja tørsten med den nydelege bringebærsafta som Jostein Prestbø hadde med seg, kan heller satsa på heimelaga øl. Det var bryggja av Bryggo Bryggeri på Kalveid, og John Bjarte Aasheim var på plass og viste korleis ølbrygginga går for seg. Då me snakka med han, var han i ferd med å laga svart porter-øl.

Me sluttar oss gjerne til ønskjet om at denne matmarknaden skal bli ein årleg tradisjon. Mat frå Fitjar er god mat!