Det har skjedd ein massevelt i sykkelløpet Stord rundt. Ein syklist kan vere skikkeleg hardt skadd.

-Ein person skal vere alvorlig skadd, opplyste operasjonsleiar Tore Frøyland Jensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til bt.no, like etter velten.

Politiet fekk melding om massevelten på Rommetveit på Stord klokken 12.40. -Fleire er skadd, og ein person alvorleg , sa Jensen, då.

Etter at den første politipatruljen kom til staden litt før klokka 13, melder ein no at det ikkje er sikkert at det er så alvorleg som ein først trudde med den eine syklisten. La oss vone det.

Politiet dirigerer no trafikken på staden. 204 personer deltek i sykkelløpet, og 20-30 syklister skal vere involvert i denne massevelten. Om det er fitjarbuar involvert, veit me ikkje på noverande tidspunkt.

Siste: Det siste meldingane tyder på at det skal å bra med alle som var involvert i velten.

Sjå Sunnhordland.no.

Ingressbilete: Syklistane passerer Fitjar sentrum med Torleif Solli på ein fin 3. plass. Foto: Kjetil Rydland.