Trass i at fitjarbonde og ordførarkandidat for Sp, Lars Ove Rimmereid, prøvde å hindra dei ved å setje traktoren sin med grabben tvers over vegen, er alle anleggsmaskinane som kom i dag, på plass no.

Maskinane med belte måtte då køyre over utmark for å passere, og heile prosessen med å få maskinane på plass vart  ein del forseinka.

Men etter pålegg frå lensmann Svein Lunde fjerna Rimmereid grabben slik at maskinane på gummihjul òg kunne ta seg fram.

Lars Ove Rimmereid seier til bt.no at han meiner at delar av vegen er privat og ikkje dimensjonert for tungtrafikk. Han har engasjert advokat og vil prøve saka for tingretten. Administrerande direktør i Midtfjellet Vindkraft AS, Ole Vidar Lunde, meiner det ikkje er tvil om at vegen er offentleg og tilgjengeleg for alle.