Marte Rimmereid, og klassen hennar, gjekk heilt til topps i Hordaland under Fjord1 sin teiknekonkurranse om refleksbruk.

Som premie fekk klassen hennar, 3b ved Rimbareid Skule, 4500 kroner. -Kjempekjekt, seier både Marte og klassen, som skal bruka pengane til reise. Kanskje til ein Bergenstur med besøk på «Vil vite-senteret og Akvariet? Dei har ikkje heilt bestemt seg endå…

Teiknekonkurransen hadde tittlen ”Bli sett med Fjord1”, og vart arrangert i samband med Refleksdagen 16. oktober.

44 skuleklassar deltok i teiknekonkurransen, som tok sikte på å engasjere 3-klassingane i dei
fylka selskapet opererer i, og Fjord1 har no utpeika ei vinnarteikning i kvart fylke, der premien
altså vert eit gåvekort på 4500 kroner, som kan brukast til tur for vinnarklassen.

– Det er tydeleg at 3-klassingane har engasjert seg i trafikksikkerheitsspørsmålet på ein
lærerik og morosam måte i denne konkurransen, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord1,
Ingrid Færøyvik. -Vi har fått inn utruleg mange flotte og kreative forslag.
Klassane fekk høve til å diskutere trafikksikkerheitstemaet, og engasjere seg i å bestemme
kva teikning som best representerer det som har vore diskutert om temaet. Kvar klasse
valde så ut ei teikning til å representere klassen i konkurransen.

-Når ein ser at rundt 40% av alle fotgjengar ulykker skjer i mørket – og at refleks reduserer risikoen for å bli påkøyrd med 85% – vert det ekstra viktig å lære borna viktigheita av å bli sett i mørket, seier Færøyvik vidare.

Fristen for å levere inn forslag var 1. november. Vinnarane vart utpeika, 11. november, og vinnarteikningane vil verte lagt ut på Fjord1 sine nettsider denne veka. Desse teikningane vil vidare bli publisert i neste utgåve av Fjord1 magasinet, skriv Fjord1, som takkar  alle som deltok og for alle teikningane som kom inn til konkurransen!

Oversikt over vinnarklassane:
• Ulsåk Skule, Hemsedal kommune, Buskerud
• Rimbareid Barne og Ungdomsskule, Fitjar kommune, Hordaland
• Loar Skule, Lom kommune, Oppland
• Nordlandet Barneskole, Kristiansund kommune, Møre og Romsdal
• Gaupne Skule, Luster kommune, Sogn & Fjordane