John Arvid Skumsnes, Ragnhild Prestbø og Kari Konglevoll Prestbø, stolte representantar for Fitjar Musikklag. Foto: Kjetil Rydland.

Eit par hundre musikkelskarar la igjen godt med pengar i kassen til Fitjar Musikklag under gårsdagens marknad, og til gjengjeld fekk dei høyra aldeles strålande korpsmusikk.

Foreldre, besteforeldre, onklar og tanter og andre korpsentusiastar slutta som vanleg velvillig opp då korpsmusikantane i Fitjar inviterte til kaffi og musikk i går kveld. Om lag to hundre hadde funne vegen til Kultursalen, i tillegg til dei ivrige musikantane frå Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikklag.

Det blei to rundar med åresal, og ei rekkje fine premiar fekk bein å gå på. Som vanleg var det Terje Træet som førte ordet, like lett og ledig som alltid. Og med seg under trekninga hadde han ein annan gammal kjenning, Håvard Sele Oma.

Som vanleg hadde korpsentusiastar, næringsdrivande og andre, vore velvillige og gitt ei rekkje gevinstar. Dei flottaste gevinstane blei trekte ut på bok, og trekninga vekte godlynt lått og løye etter kvart som dei ulike gevinstane hamna hos folk som neppe har bruk for dei.

Fitjar Skulekorps nytta høvet til å gle publikum med fleire nummer som dei skal øva vidare på denne helga, og opptre med neste helg. Dei vaksne musikantane i Fitjar Musikklag framførte Queen-programmet som dei opptredde med i Stavanger sist helg. Og me fekk erfara på nært hald at den flotte plasseringa under Siddis Brass ikkje var noko uhell.

Alt i alt blei det ein marknad som ein marknad skal vera – med mykje god musikk og gode pengar til lagskassa.

Håvard Sele Oma stod for trekninga, og Terje Træet førte ordet. Foto: Kjetil Rydland.
Fruktkorg, ein populær gevinst til Ola Fitjar Hjelle. Foto: Kjetil Rydland.
Fitjar Musikklag framfører Queen-programmet sitt på heimebane. Foto: Kjetil Rydland.