Fire fitjarfirma var på plass med flott markering av Fitjarøyane, og Kråko spesielt, då den etter kvart tradisjonsrike Hytte & Fridtidsmessen opna i Dovregubbens hall i Grieghallen i Bergen i går.

Jorunn Hernes og Johannes Sandvik stilte for «Steingard AS» og hadde allereie fått god respons då me snakka med dei nokre timar etter opninga av messa. Dei kan tilby nøkkelferdige hytter for mellom 1,9 millionar og 2,3 millionar kroner, og det er endå mange hytter å få kjøpt.

– Terskelen er å få folk til å koma til Fitjar, seier Johannes.

– Eg har mange eksempel på at når folk først har kome til bygda, har dei kjøpt på staden.

På standen ved sida av Steingard fann me både «Grønavikjo Utvikling AS» ved Bente og Frode Fitjar med deira kontaktperson Johannes Koløen, saman med Rasmus Fitjar, som representerte «Vesthaugane AS». Grønavikjo sel både båtplassar og hyttetomter, i tillegg til at dei har eit spennande strandhusprosjekt. Nøkkelklart strandhus med båtplass kan du få for 2,79 millionar, og ei større hytte hos Vesthaugane for 3,6 millionar. Dei som kjøper hytte hos Vesthaugane, blir òg prioritert med omsyn til kjøp av naust og båtplass i Steingardsosen.

Det fjerde fitjarfirmaet på messa var Straumsreset hytteområde, også det i Kråko, representert ved Geir Thorland i Thorland Bygg og Eigedom AS. Geir har til sals fire store hytter i to etasjar, kvar på 60 m2. Hyttene er vidare utstyrt med takterrasse. Prisen på dei er 3,6 millionar, og her får du òg båtplass med. I tillegg sel han naust. Fire er selde, men to er framleis for sal. For å sikra deg eit slikt er prisen 750 000 kr.

Så får me sjå om markeringa i Grieghallen fører til at fleire byggjer hytte i Kråko. Me såg i alle fall ikkje anna enn at folk stoppa opp for å sjå på tilboda. Og mange fleire kjem nok både i dag og på søndag.

Per i dag er det bygt om lag 110 hytter i Kråko. Rundt 70 av desse er nyregistrerte.