Det blei kake og god drøs for mange hos Larsen i dag.

Det var i samband med 10-årsjubileet for nybygget at SPAR Fitjar i dag delte ut kake og kaffi/saft til kundane. Trass i det nydelege haustvêret fekk kaka bein å gå på. Ei av dei som fekk smake kaka var Toril Lyngvær. På biletet ovanfor vert ho servert av sjefen sjølv, Odd Sverre Larsen. Og med kaffi og kaker vart det òg plass for ein god drøs i butikken…