Laurdag slo Øvrebygda 4H til med lavvo, vaffelsal, utlodding og konkurransar på Tinghusplassen. Både for å skapa litt liv i sentrum, og for å markera 4H-dagen, som eigentleg var torsdag.

–Men laurdag er ein meir praktisk dag å markera dette på , seier Liv Siri Rydland til Fitjarposten.

Etter det me fekk vita var folk flinke til å kjøpa lodd, men konkurransane var det ikkje så mange som gav seg tid til denne solvarme maidagen. Verandaen lokka mange heim att etter ein kort handletur.