For å markera at Fitjarposten fekk Fitjar kommune sin kulturpris for 2009 vart redaktør og mottaker av kulturprisen Håkon C. Hartvedt og vaktgjengen hans invitert på middag på hotellet tysdag kveld.

Det var ordførar, kultursjef og rådmann som var vertskap for middagen, og det vanka både på gode ord og nydeleg mat.

Det er ikkje vanleg å gje kulturprisen til ei avis, sa ordførar Harald Rydland i sin tale, men Fitjarposten er heller ikkje ei vanleg avis. Fitjarposten har fokus på å profilera fitjarbygda på ein positiv måte, og tek stort sett opp berre kjekke saker.

Prisen, det nydelege fiskemåltidet, dei oppmuntrande orda, rosene, jubileumssåpene og fitjarpinsane som vart delte ut varma. Fitjarposten sine faste journalistar, som gjer mykje av arbeidet på dugnad, fekk med dette ei god oppmuntring i kvardagen, og truleg er det med på å motivera dei til å fortsetja både med papiravisa og nettavisa.