Førstkomande søndag vert det markert  at Fitjar folkebibliotek er 150 år. Markeringa vil skje både i kyrkja og på biblioteket.

Såleis vert det bokutlån i våpenhuset i kyrkja etter gudstenesta, slik det var for 150 år sidan, og om ettermiddagen har biblioteket søndagsope.

Her vil det mellom anna bli opning v/ordførar og fylkesbiblioteksjef, historisk tilbakeblikk ved Arne Tislavoll og musikalsk innslag v/kulturskulen.

Vidare vert det opplesing v/Sigrid Fangel og Eli Simonsen, familiequiz og eventyrstund.

Sjølvsagt vert det òg servert jubileumskake og kaffi/te.