Illuestrasjonsfoto: Politiet

Innbyggarundersøkinga for 2019 viser at 80 prosent av respondentane i Sør-Vest politidistrikt har svært eller ganske stor tillit til politiet.

– I 2018 var tilsvarande tal 72 prosent, og Sør-Vest er det politidistriktet som har størst auke, melder Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

– Politiet er heilt avhengig av innbyggaren sin tillit, og difor er det gledelig at tilliten har auka, seier politimester Hans Vik.

Det er vanskeleg å peika på enkeltårsaker til kvifor tilliten aukar. I 2018 gjekk nemleg tilliten markant ned i Sør-Vest, og politidistriktet er no tilbake på same nivå som i 2017. Nasjonalt svarer 79 prosent at de har svært eller ganske stor tillit til politiet.

– Eg er glad på vegne av alle våre tilsette som arbeider natt og dag, bokstaveleg tala, for dette resultatet. Så må vi fortsatt arbeida kvar dag for å levera gode tenester til innbyggarane våre og komma når dei treng hjelp, seier Vik.

Politiet står fortsatt i ei omfattande reform som krev mykje av de tilsette, også i tida framover.

– Eg vil takka alle tilsette som legger ned ein formidabel innsats for innbyggarane i Sør-Vest politidistrikt, seier Vik.