Marius Pedersen på toppen av sigerspallen etter 600 meter.

I går gjekk Marius Pedersen heilt til topps under Framolekene, då han sprang solo frå start til mål på 600 meter.

Gårsdagen blei òg ein bra dag på Fana Stadion. Best gjekk det for Marius Pedersen (12), som vann ein klar siger på 600 meter. Sluttida på 1.46,06 er berre åtte tidelar bak den personlege rekorden hans, ein sterk prestasjon under ikkje heilt ideelle forhold med noko vind.

Bjart Sandvik Bø persa også i same klassen og på same distansen. Tida 2.04,20 heldt til 6.-plass. Johannes Sandvik Bø (13) persa på 60 meter hekk. Tida 10,62 og 5.-plass er sterkt i 2,5 sekundmeter motvind, i ei klasse med svært høgt nivå her på Vestlandet.

Tori Torbjørnsen (10) gjennomførte fine konkurransar, på 60 meter hekk, lengde, 600 meter og 60 meter. Marius Torbjørnsen (16) driv med omstilling til nytt tilløp i høgde. Sluttresultatet på 1,60 er ti cm bak persen hans.

Johannes Sandvik Bø på på hekken.
- Annonse -