Marius Torbjørnsen svevar høgt. Foto: FP-arkiv/KR.

Fremst i rekkja av spreke fitjarungdommar på friidrettsstemnet på Stord i går var Marius Torbjørnsen, som igjen sette ny personleg rekord i høgde; denne gongen gjekk han over 1,70.

Som vanleg stilte Fitjar med ein fyldig kontingent friidrettsungdommar under stemnet i Nyehallen på Vikahaugane. Blant dei 25 fitjarbuane var det ikkje uventa Marius Torbjørnsen som viste best att.

Nærmast som vanleg sette han ny pers i høgde, denne gongen med 1,70. Dette resultatet gir unge Torbjørnsen (16) femteplassen på «alle-tiders»-lista i Fitjar. Harald Sverre Breivik som hoppa 1,73 meter i 1969 som 20-åring, er nestemann til å bli teken igjen på lista.

Her er lista over dei beste høgdehopparane i soga til Fitjar Idrettslag. Fødselsår og årstal for hoppet i parentes.

Bård Inge Bø (1977) 1,90 (Stord 27.04.2007)
Arnar Bjordal (1980) 1,84 (1995)
Per Kloster (1952) 1,80 ( )
Harald Sverre Breivik (1949) 1,73 (1969)
Per Bjordal (1947) 1,67 ( )
Steinar Tveita (1942) 1,65 (1964)
Roald Raunholm (1962) 1,60 (1981)
Stian Hatlevik (1978) 1,60 (1998)
Jakob Bjørlykke (1937) 1,56 ( )
Lars Kloster (1949) 1,55 (1965)
Lars Tveita (1947) 1,55 (1962)
Arne Vik (1940) 1,53 (1960)

Ubekrefta meldingar vil ha det til at ein annan fitjarungdom har hoppa over 1,75 meter på trening. Fitjarposten vil gjera det me kan for å finna ut om det er hald i dette ryktet.

- Annonse -