Under Pingvinlekene i Leikvanghallen på Breistein denne helga vann den lovande fitjarguten Marius Pedersen alle tre øvingane han deltok i.

Laurdag vann Marius 600 meter i 12-årsklassen på tida 1.47,52, vel tre sekund føre ein annan fitjarætling, Elias Kristoffer Aase Skålevik frå Ask Friidrett. Her er dei tre beste på gårsdagens 600 meter:

1. Marius Pedersen, Fitjar IL 1.47.52
2. Elias Kristoffer Aase Skålevik, Ask Friidrett 1.50.87
3. Jakob Remøy Wiik, Fana IL 1.53.16

I dag blei det siger på 200 meter med 29,20 sekund, nesten eit sekund føre rivalen Peter Bjørndal frå Gneist IL. Også i lengde var det desse to som kjempa om sigeren. Marius fekk opp vinnarresultatet 4,63 i andre omgang, og hadde heile tre hopp som var lengre enn rivalen sine beste hopp.

Her ser me resultata til dei beste tolvåringane i lengde og 200 meter i dag:

1. Marius Pedersen, Fitjar IL 4,63
2. Peter Bjørndal, Gneist,IL 4,48
3. Benjamin Christensen Moen, Fana IL 4,44

1. Marius Pedersen, Fitjar IL 29,20
2. Peter Bjørndal, Gneist,IL 30,10
3. Sander Aarbakke, Osterøy IL 30,84

Lengderesultatet 4,63 meter er personleg rekord for Marius Pedersen, og er betre enn Arnar Bjordal sin fitjarrekord i G-12 på 4,59, som blei sett i eit stemne på Stord 15. august 1992. I dei andre øvingane har Marius for lengst bestenoteringane i Fitjar.

- Annonse -

Me gratulerer med innsatsen og ser fram til fleire stemne i sesongen som er i emning.

Marius Pedersen i aksjon i Leikvanghallen. Foto: Privat.