Under innandørsstemnet i Haugesund søndag 10. mars gjekk Marius Pedersen frå Fitjar heilt til topps både på 60 meter og 200 meter.

Som vanleg hevda den unge fitjarløparen seg heilt i toppen i 12-årsklassen. Tidene 8,78 og 29,06 er identiske med fjorårets utandørs årsbeste for Marius, fortel trenar Bård Inge Bø.

Komplette resultat frå stemnet i DeepOcean Arena kan me lesa på heimesida til Haugesund IL.

Innsatsen lovar godt framfor utandørssesongen, meiner friidrettstrenar Bård Inge Bø i Fitjar Idrettslag. Og Parkløpet på Stord laurdag 23. mars.

- Annonse -