Johannes Sandvik Bø spring hekk i Haugesund.

Under seriestemnet i Deap Ocean Arena på Skeisvang i Haugesund i dag vann både Marius Pedersen og Johannes Sandvik Bø klassane sine på 600 meter på svært sterke, nye personlege rekordar.

Johannes Sandvik Bø sprang inn til ny årsbeste i landet på 1.35,27 i 600 meter-finalen for fjortenåringar.

Marius Pedersen vann trettenårsklassen med den knallsterke tida 1.38,33. Denne tida held til ein fjerdeplass på landsstatistikken i ein veldig tøff klasse.

Johannes sprang i tillegg 60 meter hekk, der han fekk tida 10,02, som er litt bak persen.

Me gratulerer med innsatsen og ser fram til neste stemne.