Marius Pedersen og Johannes Sandvik Bø imponerte igjen under Gneistspelen i Fana. Foto: Privat.

Under Gneistspelen på Fana Stadion i helga viste Marius Pedersen og Johannes Sandvik Bø at dei har halde treningsarbeidet ved like, og sistnemnde gjekk heilt til topps i 15-årsklassen på 800 meter.

Det var ikkje uventa på 800 meter dei to lettbeinte fitjargutane gjorde det best. Johannes (14) og Marius (13) gjekk opp høvesvis éin og to årsklassar, for å møta betre motstand i 15-årsklassen.

Johannes var ikkje snauare enn at han vann klassen på den sterke tida 2.08,07. Alle dei fem første i klassen kom inn på tider mellom 2.08 og 2.09, så Johannes viser fine avsluttartakter og disponerte løpet godt.

Marius opna sterkt, fekk det litt tungt på slutten men kunne jubla over ein knallsterk pers på tida 2.15,40, ei tid som gav 7.-plass i det tøffe selskapet.

Marius vann elles høgde med 1,37 under til dels dårlege forhold. Her kom Bjart Sandvik Bø (13) på ein fin 3.-plass med 1,32. I sterk vind og regn vann Johannes 1500 meter komfortabelt på 4.32, som er fire sekund bak persen hans.