Johannes Sandvik Bø og Marius Pedersen bidrog sterkt til at Hordaland vann lagkonkurransen under Lerøylekene i Haugesund. Foto: Bård Inge Bø.

Johannes Sandvik Bø og Marius Pedersen har ein stor del av æra for at Hordaland gjekk til topps under Lerøylekene i Haugesund denne helga.

Lærøylekene er ein kretskamp mellom Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland og Agder. Det var ingen deltakarar med frå Stord denne gongen, men fitjargutane forsvarte friidrettsæra til Sunnhordland med bravur.

Med to gull og to bronsemedaljer var Johannes Sandvik Bø (14) ein av dei mestvinnande deltakarane i stemnet. Førsteplassane kom på 600 meter, der han kom i mål på 1.33,64 i eit forferdeleg vêr, og på 1500 meter, der han fekk 4.31,3.

Begge tidene er eit par sekund bak personlege rekordane, men forholda tatt i betraktning var dette svært gode løp, slår trenar Bård Inge Bø fast. På 80 meter hekk (13,07) og 200 meter hekk (30,33) blei det bronsemedaljar på den lettbeinte 14-åringen Johannes..

Marius Pedersen (13) gjorde også ein fin figur, med sølv på 600 meter med tida 1.36,26, som er ny pers, og bronse i høgde med 1,41 m. På 1500 meter fekk han også ny pers med tida 4.56,30, men han måtte ta til takke med 4.-plassen i det tøffe selskapet.

Dermed bidrog dei lettbeinte gutane våre til at Hordaland Friidrettskrets vann lagkonkurransen mot dei tre andre kretsane. Me gratulerer!