Marius Torbjørnsen svingar seg elegant over 1,65 på Vikahaugane i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar Idrettslag hadde heile 20 unge utøvarar i aksjon under fredagens romjusstemne i friidrett på Vikahaugane, men Marius Torbjørnsen stod nok for dagens høgdepunkt då han persa i høgde med 1,65.

Dei personlege rekordane lét ikkje venta lenge på seg då Fitjar stilte med ein rekordstor tropp i Nyehallen på Vikahaugane fredag ettermiddag. Me la merke til fleire fine prestasjonar både i høgde og lengde, men rakk ikkje å få med alt.

Det som er heilt klart, er at Fitjar-friidretten er i medvind for tida. Knapt sju år gamle Gustav Levåg var blant fleire lovande rekruttar i lengdegropa. Mikael Kongestøl Vik sette pers med 3,34 meter, og Ole André Stokken debuterte i stemne med sterke personlege rekordar både i høgde og lengde.

Marius Torbjørnsen studerer videoen til trenar Bård Inge Bø. Foto: Kjetil Rydland.

Likevel var det nok Marius Torbjørnsen som imponerte mest, med pers på 1,65 i høgde, og fleire gode forsøk på 1,70. Dei nemnde ungdommane var ikkje dei einaste frå Fitjar som gjorde det godt på Stord i dag, og me kjem tilbake med fleire resultat og bilete i morgon.

Marius Torbjørnsen over 1,65m i høgde på Vikahaugane i dag. Pers med 2 cm!

Posted by Bård Inge Bø on Friday, 28 December 2018

- Annonse -