Marius Torbjørnsen går over 1,75 under Gamalostfestivalen i Vik i Sogn.

Høgdehopparen Marius Torbjørnsen frå Fitjar har i dag sett ny personleg rekord under Høgdegallaen i Vik i Sogn.

Under Gamalostfestivalen i Sogn blir det arrangert stor høgdegalla for både eliteutøvarar og aldersbestemte klassar. Konkurransen går for seg midt i Vik sentrum.

Frå Fitjar er det berre Marius Torbjørnsen (16) som har teke turen, men til gjengjeld har han hatt ein svært god dag. I føremiddag gjekk han over 1,75 meter, som er ny personleg rekord. Med dette resultatet er Marius den fjerde beste høgdehopparen i Fitjar Idrettslag gjennom alle tider.

I dag var det sjølvaste Harald Sverre Breivik som måtte sjå seg slegen. I 1969 hoppa lengdespesialisten frå Breivikjo over 1,73 meter – truleg med saksestil! Nestemann på lista er Per Kloster, som har 1,80 meter (ukjent årstal), medan Arnar Bjordal hadde 1,84 i 1995, og Bård Inge Bø gjekk over 1,90 som avdanka høgdehoppar i 2007.

Om det var gamalosten som gjorde utslaget for unge Torbjørnsen, skal vera usagt. Trenar og høgdespesialist Bård Inge Bø meiner resultatet kom av at Marius fekk det nye tilløpet til å stemma. Han seier at på sikt vil omlegginga til ein annan måte å springa tilløpet på få Marius til å hoppa høgare.

Uansett, me gratulerer med det fine resultatet, og anbefaler ein tur til Vangsnes for å beundra Fridtjof den Frøkne.

- Annonse -