Søndag ettermiddag var ei staseleg gamal dame innom Meierikaien på Fitjar.

Den gamle dama heiter MS «Granvin» og vart bygd ved Mjellem & Karlsen i Bergen for HSD i 1931. Ho gjekk i rutefart i Hardangerfjorden fram til 1987. Den opprinnelege 150 Hk semidiesel maskinen vart i 1968 skifta til 3-sylindra Wichmann på 300 Hk. I dag er det veteranskipslaget Fjordabaaten som eig og driftar fartøyet.

«Granvin» går no i turisttrafikk frå Bergen til Sunnhordland, og dersom ein slik tur freistar, finn du meir informasjon på nettsida til Veteranskipslaget Fjordabaaten: