Marit Isaksen Espedalen – "prest mot alle odds".

Torsdag 25. april blir Marit Isaksen Espedalen – «prest mot alle odds» – med på temakveld i Fitjar kyrkje.

Marit Isaksen Espedalen kom til Tysnes som sokneprest for over 20 år sidan. Det var ikkje berre enkelt å koma som kvinnelig prest til Sunnhordland på den tida. Både prestekollegaer og andre kunne ytra seg mot dette «uvesenet».

Framleis opplever Marit at hennar kjønn som kvinne set stengsler i det kallet ho står i – det kan til dømes vera når nokon ikkje ønskjer å ha kvinneleg prest ved gravferd og andre kyrkjelege handlingar.

– Marit  vil fortelja meir om seg sjølv og hennar presteteneste i samtale med sokneprest Roald Drønen på temakvelden 25. april, fortel Eli N. Simonsen i temakveldgruppa.

Det vert musikkinnslag ved Karine Lillenes og Bent Jarle Brenne.

– Me ser fram til ein interessant kveld i møte med ei kvinne som har opplevd mykje i prestetenesta si, seier Eli Simonsen til slutt.

- Annonse -