Det blei bronse til Mariann Vestbøstad Marthinsen under VM i Wisconsin, USA i kveld.

Dagens 5 km i sitjeski i Cable er nettopp avslutta.

Også denne gongen blei Andrea Eskau for sterk, og stakk av med eit nytt gull.

Mariann kom inn på tredjeplassen, knapt 10 sekund bak vinnaren i det tøffe løpet. Sølvet gjekk til Oksana Masters frå USA.

Me gratulerer med den flotte innsatsen.