Den kjende songaren Marianne Juvik Sæbø kjem til Fitjar, og temakveld i kyrkja, førstkomande torsdag. Med seg har ho pianisten Terje Kleppe.

 – «Det vert både salmar, viser, gospel, allsong og meire til når Marianne Juvik Sæbø og Terje Kleppe vitjar Fitjar kyrkje torsdag 30. august, skriv arrangørane i ei pressemelding, og fortel så litt om aktørane:

– Songaren Marianne Juvik Sæbø og pianist Terje Kleppe har samarbeidd i ei årrekkje og har gjennom sitt musikalske samspel utvikla eit eige særpreg og uttrykk som gir liv og aktualitet til songane dei framfører.

Då Marianne gav ut salme-CDen Arv i 2001, var Terje produsent. På denne CDen bidro Den Ukrainske Statsradio sitt Mannskor pluss et kammerorkester. Me vil få høyra frå Arv på konserten – men også mange andre salmar og songar.

Marianne er kjent frå ei rekkje program på radio og TV. Ho er ein allsidig songar med vidt repertoar. Ho er òg ambassadør for hjelpeorganisasjonen Misjon Utan Grenser, og inntektene frå CDen Arv har gjennom prosjektet «Rett i dass» bidratt til at over 20 barneheimar i Ukraina har fått pussa opp sine sanitæranlegg.

Marianne jobbar frilans som songar i tillegg til å driva skulen Musikalhuset. Denne hausten set ho opp familiemusikalen Annie på Askøy, i Bergen og i Os.
 
Mange vil vite at Terje Kleppe er frå Stord, og han er blitt eit kjent namn innan moderne kristen musikk. Terje kombinerer jobben som lærar på Kongshaug Musikkgymnas med å vere frilansmusikar. Han har produsert ei rekkje CDar, drive gospelkor og han komponerer og arrangerer m.m., skriv arrangørane som ønskjer velkomen til ei god stund i Fitjar kyrkje førstkomande torsdag.