Den kjende artisten Marianne Juvik Sæbø gjestar igjen Fitjar. Det skjer på temakvelden førstkomande onsdag kl 19.00.

Marianne hausta mykje lovord sist ho var i Fitjar, og det er all grunn til å forvente ein framifrå konsert denne gongen òg.

Med seg har ho Terje Kleppe på piano – og Osternes Mannskor vert òg med.

For Marianne Juvik Sæbø er det ein tradisjon at ho nyttar adventstida til å ha julekonsertar frå Jæren i sør til Kristiansund i nord, gjerne saman med lokale kor.

Vel møtt! Dette er ein konsert det er vel verdt å få med seg.

(Annonse)