Ambassadørprisen for 2013 går til Mariann Vestbøstad Marthinsen. Det er klart etter at folk har sagt sitt ved å stemme per brev, sms eller e-post.

Det var lenge svært jamt, men i innspurten drog innehavaren av Egebergs Ærespris ifrå, og vann relativt klart med 38 % av stemmene. Osternes Mannskor og Geir Skeie fekk begge 31 %.

– Oj, dette var veldig overraskande og ikkje minst ærefullt! Eg har sagt tidlegare at om eg sku stemt, så hadde eg stemt på Geir Skeie. Men utruleg kjekt at Fitjarfolket støttar meg. Da set eg umåteleg stor pris på! Så skal eg gjere det eg kan for å vere ein god ambassadør vidare i Sotsji! Eg er utruleg heldig som har ei så flott heimbygd som har eit sånt glødande engasjement! kommenterte Mariann då ho fekk vite at ho hadde vunne.

Frå juryen si side vil me takka alle som deltok ved å stemme, og dei som kom med framlegg om kandidatar. Alle hadde vore verdige vinnarar.

Dette var første året med denne prisen. Frå Sparebanken Vest og Fitjarposten si side var dette noko me ville prøve ut. Men engasjementet har vore så stort at me kan seie at prisen truleg er komen for å bli.

Sjølve prisen vil bli delt ut under eit kulturarrangement i vår.

Kriteria for prisen
Ambassadørprisen kan delast ut til ein enkeltperson eller organisasjon som har oppfylt eitt eller fleire av desse kriteria.
• sett Fitjar «på kartet»
• gjort noko fitjarbuen kan vere stolt over
• gjort Fitjar til ein betre plass å bu i.

Nominasjonsjury har vore :
Arve Havnerås og Ingrid Vestbøstad frå Sparebanken Vest, Håkon C. Hartvedt frå Fitjarposten og ordførar Wenche Tislevoll.