Vår eigen Mariann Vestbøstad Marthinsen vann dagens sprint i langrenn for funksjonshemma i verdscupavslutninga i Finske Vuokatti. Dermed sikra Mariann seg òg samanlagtsigeren i årets World Cup.

Mariann fortel til skiforbundet.no at ho var ekstra spent framfor dagens konkurranse der fleire utøvarar som ikkje var  ikke var med i USA-runden i januar no stilte til start, mellom anna utøvarane frå Ukraina. – Dei var absolutt bra, men Mariann var best, skriv skiforbundet si nettside.

– Eg skaffa meg det nødvendige forspranget før oppløpssida, og sjølv om dei tok innpå heldt det heilt inn, seier ei glad Mariann Vestbøstad Marthinsen, til den same nettsida.

– Før sesongen hadde eg ikkje trudd at eg skulle stå på toppen, men det er veldig deilig å få ei stadfesting på at eg har vore best i år, legg ho til.

Landslagstrenar Broks Pettersen er svært nøgd med at Mariann har sikra World Cup-trofeet.

– Mariann har imponert veldig gjennom sesongen, og dette er heilt «konge», seier han.

Les meir her.