Mariann Vestbøstad har vore i på Nordsjøstevnet i Stavanger i helga og vunne tre gullmedaljar og ein bronse.

I skrivande stund er Mariann Vestbøstad på veg heim til Bergen med fire medaljar i kofferten. Nordsjøstevnet i Stavanger var det deltakarar frå sju nasjonar, og Mariann hevda seg som vanleg svært godt.

Gullmedaljane vann ho i desse øvingane:
50 meter rygg: 38,85
100 meter rygg: 1.22,63
50 meter butterfly: 37,97
Bronsemedaljen vann ho på 100 meter fri på tida 1.16,07.

Mariann seier seg middels fornøgd med innsatsen i helga. Ho har vore inne i ein hard treningsperiode i det siste, og rekna derfor ikkje med personlege rekordar. Men no roar ho ned treninga og håper på ein formtopp om eit par veker.

Då skal ho nemleg delta i VM i symjing i Rio de Janeiro. Midt i neste veke reiser ho til Brasil, og søndag om to veker opnar VM. Der er målet medalje på favorittdistansen 100 meter rygg. Då er det berre å kryssa fingrane for Mariann i Brasil.

http://www.livetiming.no/nordsjo09/