Mariann Vestbøstad var utropt til beste funksjonshemma idrettsutøvar i Haugaland og Sunnhordland i 2007. Det skjedde under Idrettsgallaen som Tinde Institutt arrangerte på Rica Maritime hotell i Haugesund i helga.

I 2005 gjekk Mariann heilt til topps i den store nasjonale Idrettsgallaen, der ho òg var nominert i 2007, den gongen utan å vinne.

Det internasjonale symjetalentet vårt har elles eit utruleg spennande program framfor seg, før Paralympics i Beijing 6. -17. september.

14. mars – 6. april skal ho vere i Florida i USA og  17. -20. april er det NM i Stavanger. Så skal ho innom Toppidrettssenteret i Oslo, før turen går, i rekkjefølgje, til England, Spania, Ungarn og tilbake til Hamar i Noreg for eit nytt NM. Då er me komne til midten av juli.

I byrjinga av august er Kypros målet, før Mariann vert å finne i Shanghai i Kina frå 25. august til 4. september, der ho skal lade opp til Paralympics startar i Beijing.