Mariann Vestbøstad tok i helga to sølvmedaljer under NM i ispigging i Stokke i Vestfold.

Medaljane kom på 600 m sprint, og 5000 m ispigging. På desse distansane vart ho berre slegen av ein dame frå Canada, noko som kan skje i ein open meisterskap.

Den kanadiske utøvaren er allereie etablert i Paralympic-samanheng, noko som lovar godt om Mariann finn å ville satse fram mot vinter-paralympics om to år. Så forskrekkeleg langt etter vinnaren var ho nemleg ikkje.