Medaljene strøymer på for Mariann Vestbøstad under symje-NM i Hamar. -Men endå viktigare er det at det ser ut som eg er i rute, seier ho til fitjarposten.no.

Så langt har Mariann kapra tre gullmedaljar (100 m rygg, 50 m rygg og 400 m fri) og ein sølvmedalje (50 m fri), og i morgon er det nye medaljesjansar for symje-esset frå Fitjar. Då er det 100 m fri og 100 m butterfly som står på programmet.

-Det viktigaste i denne samanhengen er å få konkurrere. Eg er stinn av trening, så eg kan difor ikkje leggje altfor stor vekt på tidene, eller plasseringane, no. Dei verkeleg gode resultata vonar eg kjem i Beijing, smiler ho.

Etter NM skal Mariann vere i Oslo på ei samling der. Så ber det til Nord Noreg og litt ferie. Så Bergen, så Oslo..  Lista fram i mot Paralympics er lang, men så er det enno ein del veker igjen til den konkurransen. Men større stemne er det ikkje før OL.

Så no  er det berre spesialtrening, for å prikka inn formen, som står att, før ho kastar seg ut i OL-bassenget…