Sigurd Andre Maraas her med eit litt annleis varaordførarkjede. Foto: Ingrid Hovstad

På helgas årsmøte i Vestland FrP sikra Sigurd Andre Maraas seg fast styreplass.

– Vår eigen Sigurd Andre Maraas vart samrøystes valt inn i styret til Vestland Frp på fast styreplass og som medlemsansvarlig for alle lokallaga i nye fylket vårt, melder Fitjar FrP i ei pressemelding.

Dei melder vidare at Maraas skal vera ein av Vestland FrP sine utsendingar til landmøtet til FrP i Oslo seinare i år. Han var rangert som 2.kandidat til møtet.

– Dette er ei enorm tillitserklæring frå fylkeslaget, fortel ein audmjuk Maraas, som skal heim å laga innspel og saker til landsmøtet.

– Eg går sjølvsagt inn for å få taletid på landmøtet. Det er alltid kjekt å vera med å forma politikken i partiet. For meg er det viktig å bidra i denne jobben. So det å få delta på landmøtet og med fast plass i fylkesstyret har eg no tilgang til den beste arenaen som eksisterer til å foreslå og skapa ny politikk for alle ledd i partiet, fortel Maraas.

Han gler seg til å ta fatt på jobben, og takkar igjen for tilliten.