Sigurd André Maraas er Frp-politikar, men også FAU-leiar ved Øvrebygda skule. Foto: FP-arkiv

Gruppeleiar i Ftjar Frp, Sigurd André Maraas, får ikkje vere med å røyste over om grensaskulane i Fitjar skal leggast ned fordi mora hans er lærar.

Under formannskapet si handsaming av skulebrukssaka i Fitjar blei Maraas erklært ugild, på bakgrunn av at mora hans arbeider som lærar i Fitjar-skulen. Dermed vart han erstatta over Sp-politikar Grete Marit Veka Maraas.

Det har Maraas vanskar med å akseptere.

– Eg meiner det er spesielt å diskvalifisere meg frå å diskutere noko som helst av innhaldet i skulebruksplanen på eit så tynt grunnlag, seier Maraas.

Spurte statsråden

No har han sendt eit formelt spørsmål til kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H), der han klagar på reglane for ugildskap.

Meiner statsråden at det å ha ei mor som er deltidstilsett ved ein skule er tilstrekkeleg lovforståing til at reglane om habilitet kan la eit folkevald organ gjere vedtak om at ein folkevald er ugild?

Maraas har engasjert seg sterkt i skulebrukssaka, og var tidlegare FAU-leiar ved Øvrebygda skule. For Frp-politikaren reagerer difor på at han ikkje får nytta si røyst i saka.

– Det framstår som svært spesielt å bruke gildskapsreglane for å gjere ein folkevald ugild til å ta stilling og delta i debatten om eit så viktig tema.

Tre av fem var ugilde

- Annonse -

Det var ikkje berre Sigurd André Maraas som vart kjend ugild under handsaminga i formannskapet. Ektefellane til Arne Prestbø (H) og Dagfinn Brekke (KrF) jobbar også i Fitjar-skulen og vart kjend ugild.

Med andre ord måtte tre av dei fem faste medlemmene i formannskapet trekkje seg frå handsaminga av skulesaka.