No kan du sjekke om du står i manntalet, og at det som står der stemmer, før valet til hausten. Illustrasjonsbilete: Randi Dalen og Per Drønen med manntalslistene i vallokalet ein tidlegare valdag. Det kan vere greitt at du har sjekka manntalet før du kjem så langt. Foto:FP-arkiv/HCH

Manntalet for Fitjar kommune i samband med Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 ligg nemleg no ute til offentleg ettersyn i kundetorget på Fitjar rådhus. Du kan òg sjekke det på Fitjar folkebibliotek når det opnar etter ferielukkinga.

-Manntalet vert liggjande til og med valdagen. Om du meiner at manntalet inneheld feil eller manglar, må krav om retting sendast skriftleg til Fitjar valstyre, Pb. 83, 5418 Fitjar eller epost: fitjar@fitjar.kommune.no, heiter det på Fitjar kommune si nettside.

Der vert du òg minna om at generell valinformasjon er å finna på www.valg.no