Osternes Mannskor har bak seg fleire flotte framføringar. No ønskjer dei fleire songarar.

– Osternes mannskor har vore ”i vinden” i det siste, både i kyrkjeleg og profan samanheng. Men dette er i koret si ånd, skriv leiar Karvel Strømme i ein e-post til fitjarposten.no. Han viser til følgjande utdrag frå koret sine lover frå 1937:

a)”Vekkja sans og skyn for god og harmonisk song, kyrkjeleg, som all annan god og underhaldande moralsk og uppbyggjeleg song.”
b)”Halda konsertar og underhaldning i og utanom bygdi, så langt ein finn det tenleg”.
Og til slutt:
c)”Hjelpa til ved gudstenester, stemnor og folkemøter”.

– Sjølvsagt har koret seinare tilpassa seg både den kulturelle og tekniske utviklinga, som til dømes då ein del av koret var ein viktig medspelar i Håkonarspelet, då dei spelte inn CD-plater eller då dei øvde inn to kabaretar, den eine med lokalt songstoff og den andre med stoff frå den rike kystkulturen.

Det ser ut som satsing på prosjekt er noko koret veks på, og siste gong var det songskatten til Thomas Kleppe frå Engesund som fengde. Når me er så heldige å ha Ole Christian Ottestad som dirigent og Svein Tørnquist som arrangør og akkompagnatør, så kvir me oss ikkje for å gå igong med slike oppgåver, for me ser jo gong på gong at resultatet gler både publikum og oss sjølve, skriv Strømme vidare.

Ønskjer fleire songarar

Strømme gjev vidare uttrykk for at koret treng fleire songarar.

– Kva som blir det neste me tar fatt på er ennå ikkje bestemt, men same kva det blir, så ville me sett stor pris på å få fleire songarar med oss. Koret tel no 17 songarar, fordelt nokolunde jamt på dei fire stemmene. Men det skal lite fråvere til før jamvekta blir skeiv.

– Det er klart at det må vera folk i bygda som kunne tenkja seg å syngja i kor, men kanskje dei trur at nivået er for høgt eller krava for store i koret vårt. …. ?  Slik er det sjølvsagt ikkje! Du skulle berre vore der når me startar på ein ny song, så hadde du sett – og hørt – at her er det plass for alle. Men dei må lika å syngja, det er klart! Så velkomen til øving på Osternes skule ein tysdag kl. 20.00, eller ta kontakt med ein eller annan du veit allereie syng i Osternes mannskor, seier Karvel Strømme til slutt.