På temakvelden i kyrkja førstkomande torsdag vil Osternes Mannskor framføre salmar av Thomas Kleppe. I tillegg vil Inge Halstensen fortelja om Hans Nielsen Hauge.

I Osternes Mannskor såg ein for seg at det hadde vore interessant å gjera noko med lokalt songstoff. Då dukka namnet Thomas Kleppe frå Engesund raskt opp. Ingolv Rimmereid var kjent med at han hadde skrive åtte songar som var tekne med i salmeboka til «Den haugianske bevegelse», og Ingolv hadde både salmeboka og melodisamlinga i sitt eige.

Sidan har Svein Tørnquist arrangert songane for mannskor, og det heile har enda opp i dette arrangementet som har fått tittelen: «Gled deg i Herren», Åndelige songar frå Engesund med tekst og tone av Thomas Kleppe.

Inge Halstensen vil i sitt foredrag snakka om kva Hans Nielsen Hauge har hatt å seie for kystkulturen på Vestlandet generelt og Austevoll spesielt.