Sondre Bratland og Iver Kleive kjem til temakveld i Fitjar kyrkje 26.september.

– Me ser fram til vakre og varierte tonar neste torsdag, den 26. september. Det er ikkje nokon kven som helst som kjem, fortel Eli Simonsen frå temakveldgruppa i ei pressemelding.

Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som vår fremste folkesongar. Han har gjeve ut 13 soloalbum og medverka på 25 andre.

– Bratland har heile tida nytta «Kirkelig Kulturverksted» til plateutgjevingane, og han har halde konsertar i om lag 600 kyrkjer frå Lindesnes i sør til Finnmark i nord. Kyrkjerommet har vore hans viktigaste arena.

Sjølv om religiøs folkesong er spesialområdet hans, spenner uttrykket hans frå norsk kvedartradisjon til country. Han har vore med på å sprengja grenser mellom ulike musikksjangrar og slik gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum.

– Han vil alltid vera mannen bak «Gje meg handa di, ven», melder temagruppa.

Med seg har han denne kvelden Iver Kleive. Han har ord på seg for å vera den mest kjende organisten i landet, med solid utdanning og mange utmerkingar.

– Han er blant anna Riddar av 1.klasse Sankt Olavs Orden, og har vunne Spellemannspris, for å nemna noko, skriv temakveldgruppa.

- Annonse -

– Iver Kleive er komponist, musikar, pianist og kantor. Me ser fram til å høyra han på det flotte orgelet vårt, fortel Simonsen, som på vegna av temagruppa ynskjer velkomen til ei flott konsertoppleving.