Me har nytta søndagen til ein tur for ekte mannfolk frå Rydlandssago over Menno til Litlabø.

Frå Rydlandssago går det traktorveg heilt opp til Morkavatnet, og her er det behageleg å gå. Me nytta høvet til å kryssa Morkavatnet på den trygge isen på rundt 30 cm tjukne. Derfrå bar det gjennom brakje og andre buskar og kratt langs bekken oppover til Barlindedalen. Då er me komne godt inn i villmarka, der det nesten aldri er folk. Men endå meir vilt blir det når me kjem inn i Vatnatjødnadalen, som ligg eit stykke søraustover frå Barlindedalen.

Rett nok går det merkt sti frå Barlindedalen og opp til eit skilt der det står Vatnatjødnadalen. Men dette må vera ein av dei minst brukte stiane i Stordafjellet; her er det ikkje andre teikn til folk nokon stad. I staden for å snu slit me oss vidare oppover til me er på høgste toppen av Menno, vel 500 meter over havet. Her har me den mest imponerande utsikt som tenkjast kan på våre kantar. Nordvest mot Fitjar og vindmøllene våre, nordaustover mot Stovegolvet, austover mot Kvinnherad, sørover mot Leirvik og busetnaden på Stord, og sørvest mot Utsira og Siggjo. Eit storslått syn for slitne fjellmenn!

Den som ønskjer å følgja i våre fotefar, bør tenkja seg godt om. Turen tar berre fire timar på vinterføre, men du bør nok bruka broddar. Blindhålkjen er eit stadig trugsmål mot halabeinet. Før du veit ordet av det, ligg du på rygg, så sko deg godt!